Debatt

Regional høgre utdanning viktig for regional rekruttering?

Kåre Heggen

Professor emeritus, Høgskulen i Volda

I ein artikkel i Samfunnsøkonomien nr. 2 2022 reiser professor Torberg Falch ved NTNU tvil om effekten av regionale utdanningstilbod. I hans artikkel er det lærar- og barnehagelærarutdanninga som blir studert. Han «stiller spørsmål ved om regionale tilbud i høyere utdanning er av betydning for regional rekruttering av høy kompetanse», og seier vidare at «det synes som at nye offentlige utredninger overvurderer dette (NOU 2020: 12; NOU 2020: 15)». Hans grundige analysar av kandidatar frå perioden 2001–2010 basert på registerdata (vel 15 000 allmennlærarstudentar og vel 12 000 førskulelærarstudentar), viser likevel betre rekruttering av barnehagelærarar og mindre lærarmangel i grunnskulen der det finst lærarutdanning, så biletet han teiknar er ikkje eintydig.

Når ein skal vurdere desse analysane frå Falch, må ein ta utgangspunkt i den distriktspolitiske tankegangen bak styrking av utdanningstilboda i distrikta. Heilt frå Ottosen-komiteen sine innstillingar på 60-talet, utbygginga av distriktshøgskulane, opprettinga av universitet og m.a. medisinarutdanning i Tromsø, har tanken vore å styrke både tilgangen til høgre utdanning og i neste omgang rekrutteringa til landsdelar, fylke og større regionar i nedslagsfeltet. Så vidt eg kan lese Falch sin artikkel, sår han tvil om denne tanken har noko for seg, ikkje heilt ulikt den motstanden ein historisk sett møtte frå dei store universiteta når spørsmålet om å byggje ut regionale utdanningstilbod.

Men, la oss sjå på det empiriske og metodiske arbeidet som ligg til grunn for denne studien. Den baserer seg altså ikkje på utdanningstilbodet sin effekt på rekruttering til og frå institusjonane i relasjon til landsdel, fylke eller større regionar. I staden gjennomfører Falch sine analysar i relasjon til såkalla Bo- og arbeidsmarknadsregionar (BA-regionar). I Norge er det om lag 160 slike regionar som data blir analysert ut frå, og desse regionane varierer i folketal mellom 300 (personar) til over 1 million i følgje hans eiga framstilling. Inndelinga i BA-regionar er primært utvikla for å fange opp regionale arbeidsmarknader.

Spørsmålet i analysen blir då om den BA-regionen som har ei lærarutdanning i sin BA-region, rekrutterer betre enn den som ikkje har ei slik utdanning. Sett på spissen: dersom BA-regionen Sogndal/Luster/Leikanger i Sogn og Fjordane (Sogndal har lærarutdanning) ikkje rekrutterer betre enn dei andre kommunane og BA-regionane i fylket (Vik, Høyanger, Florø, Aurland, Lærdal osb.), så har høgskule i dette distriktet ikkje effekt på «regional rekruttering». Det same med BA-region Volda/Ørsta (Volda har hatt lærarutdanning i hundre år). Om ikkje rekrutteringa er betre i denne BA-regionen enn i t.d. Vanylven, Ålesund, Ulstein, Hareid, Molde osb., så har heller ikkje dette utdanningstilbodet den effekten NOU-ane nemnt over hevda. Tanken med å etablere utdanningstilboda på Stord, i Sogndal og i Volda, var ikkje så nærsynt at den skulle styrke rekrutteringa berre til nærområdet til høgskulen, men til fylke og landsdel. Falch sin studie svarar ikkje på om dette har hatt ønska effekt. Eg kan ikkje sjå at hans metode og analyse svarar på spørsmålet han stiller.

Falch gjer også ein visitt til den studien Knut Gythfeldt og eg utførte i 2012–13, basert på eit svært omfattande registerdatamateriale: alle innbyggjarar i Norge fødde mellom 1955–1990 og som fullførte ei grad i høgre utdanning mellom 1995 og 2010 (totalt over 485 tusen personar som til saman hadde fullført meir enn 520 tusen grader). Våre analysar galdt lærarar, førskulelærarar, sjukepleiarar og sosialarbeidarar (velferdsyrke) ved 7 høgskular på Vestlandet og ein i Oslo/Akershus (Heggen og Gythfeldt, 2012; Gythfeldt og Heggen, 2013). Hovudfunna for Vestlandet var desse:

  • Ein svært stor del av studentane i desse profesjonsfaga vart rekruttert frå eige fylke, dvs. fylke der dei var registrerte som 16-åringar. Konklusjonen var at høgskuletilbodet spelar ei viktig rolle for å rekruttere frå eigen region. Ein stor del av studentane hadde vakse opp i same fylke.

  • Ein svært stor del av studentane i desse velferdsyrka med oppvekst i same fylke som høgskulen er lokalisert, startar å arbeide i same region/landsdel etter ferdig utdanning, primært i same fylke.

  • Også ein betydeleg del av studentane med oppvekst i andre fylke eller regionar, valde å etablere seg i den regionen eller fylke som høgskulen var lokalisert.

  • Blant studentar som tek same utdanning utanom dei nemnde Vestlands-høgskulane, er det klart færre som vender attende til sin oppvekstregion eller fylke for arbeid seinare.

  • Studien samanlikna karrieremønsteret for Vestlands-studentane med dei som hadde oppvekst i Oslo/Akershus. Fleire av dei siste vende etterkvart tilbake til heime-regionen, også om utdanninga var gjennomført utanfor Oslo/Akershus. Det same galdt også i større grad studentane med oppvekst t.d. Bergen eller Stavanger, samanlikna med studentar frå dei mindre urbane fylka lenger nord på Vestlandet.

Den studien vi gjennomførte i 2012/13 ligg attende i tid, og mønstra kan ha endra seg i dag. Og vi kan ikkje no dokumentere at lærarutdanning i distrikt som Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal har styrka rekrutteringa. Men funna over gir sterke indikasjonar. Kanskje ville like mange frå Sogn og Fjordane søkt lærarutdanning om dei måtte flytte til Oslo eller Bergen? Og kanskje ville like mange bli rekruttert til lærararbeid i Sogn og Fjordane sjølv om slik utdanning ikkje fanst i fylket? Men etter mi vurdering er det svært lite sannsynleg.

Eg hevdar at Falch si analyse ikkje kan svare på spørsmålet han stiller, først og fremst fordi han analyserer spørsmålet med utgangspunkt i BA-regionar.

Referansar

Falch, T. (2022). Er regional høyere utdanning viktig for regional rekruttering av kompetanse? Samfunnsøkonomen136 (2), 39–49.

Gythfeldt, K. og K. Heggen (2013). Kva betyr høgskolene for rekruttering av arbeidskraft til egen region? Søkelys på arbeidslivet 30 (3), 235–250.

Heggen, K. og K. Gythfeldt (2012). Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner? Likheter og ulikheter mellom høgskolene på Vestlandet og i hovedstadsregionen. HiOA-rapport nr. 5, Høgskolen i Oslo og Akershus.

NOU 2020: 12. Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn.

NOU 2020: 15. Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene.