
Bør Noregs klimapolitikk leggje til rette for reindustrialisering av vestlege demokratier?
Bør Noregs klimapolitikk leggje til rette for reindustrialisering av vestlege demokratier?1
1. INNLEIING
Strenge miljøreguleringar i vestlege land driv opp energikostnadene for å senke dei globale utsleppa av CO2. Ein meir eller mindre utilsikta konsekvens er at politikken undergrev òg konkurranseevna til vestleg industri all den tid reguleringane og handhevinga er strengare i vesten enn i våre handelspartnarar. For ti år sidan var det utbreidd tru på at flytting av industriarbeidsplassar frå Vesten ville fremje demokratisering og auke etterspørselen etter vestlege tenester i mottakarlanda. Desse to forholda er nært knytte ettersom demokratier og frie marknader er nært knytte saman. Frie marknader er ein føresetnad for at det å flytte ut produksjon frå vesten skal føre til auka etterspørsel etter vestlege varer. I dagens geopolitiske klima – prega av aukande rivalisering, svekt tillit og fragmentering – framstår dei optimistiske antakingane politikken var bygd på som stadig meir urealistiske.
Vestlege demokratier har opparbeidd seg massive handelsunderskot. Fleire peikar no på dei langsiktige negative konsekvensane avindustrialiseringa har for vestlege samfunn, både økonomisk, sosialt og strategisk. Eit reelt alternativ til dagens politikk, som i praksis oppfordrar til mindre energibruk gjennom høgare beskatning og strengare regulering, er å bidra til at industriproduksjon blir flytta tilbake til vestlege demokratier. Med industri i våre land kan vi arbeide systematisk saman med private aktørar for å utvikle teknologi som er lønnsam for andre å ta i bruk og reduserer CO2-utslepp. Ved sida av å bidra til forsking og utvikling på ny teknologi kan dette gjerast ved skattekutt og handelsavtaler som legg til rette for å bringe industrien tilbake til vestlege demokratier. Dersom ein slik tilnærming fører til dyrare produkt, kan det òg sjåast som ei indirekte form for omfordeling til arbeiderklassa – ikkje gjennom statlege overføringar, men gjennom auka etterspørsel etter vestleg arbeidskraft og betre lønnsvilkår for vanlege arbeidstakarar.
2. EFFEKTEN AV STRENGERE REGULERING I VESTLEGE LAND
I ei samankopla verd med rimeleg fri flyt av varer og tenester må ein samarbeide for at kutt frå ein part fører til faktisk reduksjon av utslepp og ikkje berre ei forflytting av aktiviteten. Eit kjent døme er kutt i oljeproduksjon. Kva skjer til dømes dersom Noreg reduserer utnyttinga av oljeressursane sine? Effekten avheng av korleis andre oljeproduserande land reagerer. Dersom dei aukar produksjonen for å kompensere, blir klimagevinsten null. Dersom dei ikkje gjer det, kan eit redusert oljetilbod potensielt føre til lågare CO2-utslepp. Usikkerheita er betydeleg, både i dei internasjonale oljemarknadene og i dei politiske tilhøva.
Analytikarar frå Rystad Energy hevdar at kutt kan auke dei globale CO2-utsleppa (Rystad Energy, 2021), medan meir teoretiske forskarar spår ein liten nedgang (Harstad, 2024). Begge sider understrekar stor usikkerheit. Dei teoretiske argumenta byggjer ofte på antakingar om langsiktige aktørar som samarbeider mot felles mål – antakingar som har mindre feste i dagens røyndom enn for ti år sidan. Forsking på klimapolitikk i fossilbrenselproduserande land viser òg at produksjonskutt (forsyningssidetiltak) ofte har avgrensa effekt samanlikna med etterspørselsbaserte tiltak, på grunn av lekkasjeeffekter og marknadsrespons (Fæhn mfl., 2013). Tanken om at Noreg kan inspirere andre ved å gå føre som eit døme, føreset tettare internasjonalt samarbeid og at andre land ser på vestlege demokratier som førebilete. Dessverre er dette mindre realistisk i dag enn tidlegare. Geopolitiske spenningar og manglande tillit svekkjer moglegheitene for global koordinering.
Dette er eit eksempel på eit meir generelt fenomen: Alle former for kutt og regulering av industri i vestlege demokratier som gjer det meir kostbart å produsere industrivarer, vil potensielt berre føre til at denne industrien flyttes ut til andre land. Dersom ein i staden utviklar måtar å produsere dei same produkta med mindre utslepp på, vil ein ikkje vere avhengig av andres val eller gjennomføringsevne for å oppnå dei kutta som politikken sikter mot å skape.
3. EFFEKTEN AV Å FLYTTE INDUSTRI
Streng regulering av CO2-utslepp i vestlege land vil skape ei forflytting av forureinande næringar som vareproduksjon over til land med mindre streng regulering. Er dette nødvendigvis eit økonomisk problem? Dersom den auka aktiviteten i desse landa aukar etterspørselen etter våre varer og tenester, er svaret nei. Dette vil skje i markedsøkonomiar med frie marknader, noko som vanlegvis føreset eit visst nivå av eigedomsrett som er uavhengig av politiske prosessar. Uavhengige politiske prosessar krev som regel ein eller annan form for demokrati eller eit system som er responsivt overfor ønskja til borgarane.
Tidlegare trudde samfunnsøkonomar og statsvitarar at økonomisk samarbeid ville fremje demokratisering i landa industrien blir flytta til – som til dømes Henry S. Rowen, som i 1996 forutsåg at Kina ville bli eit demokrati rundt 2015 (Rowen, 1996). Mange trekk ved Kinas kultur og samfunn, som økonomisk vekst og aukande middelklasse, gjorde dette til ein naturleg prediksjon på den tida. I dag er konsensusen ein annan: Nyare forsking, som Bruce J. Dickson (2023), argumenterer for at Kina ikkje utviklar seg demokratisk. Det særegne kinesiske systemet har lange røter som tek tid å endre. Den nyleg utgitte boka til Chenggang Xu forklarer dette gjennom konseptet «institusjonelle gen», som understrekar korleis historiske og institusjonelle strukturar frå keisarleg Kina og sovjetisk innverknad formar det moderne totalitære regimet (Xu, 2025).
Land utan fagforeiningar og ytringsfridom vil auka aktivitet i mindre grad føre til lønnsvekst blant arbeidarane. Endringar i økonomisk makt trugar den sosiale konsensusen, og maktendringar skjer på langt meir valdssame måtar enn i demokratier med politisk konkurranse. Dette er ein naturleg konsekvens av at økonomisk og politisk makt ikkje er skilde åt. Resultatet er at lønningane held seg låge sjølv ved auka etterspørsel. Dette fører til at desse landa sin industri får auka marknadsandelar. Elitane der får aukande kontroll i sine eigne land, over global industri og eigarskap i vestlege økonomiar.
Den generelle logikken der eliters evne til å halde lønningane nede og kapre større marknadsandelar er skildra i Trade Wars Are Class Wars av Klein og Pettis (2020). I ein frimarknadsmodell med fri lønnsdanning skal arbeidarlønningane stige etter kvart som eksportprodukt blir meir populære i mottakarlanda. Dersom ein kan halde lønningane nede ved hjelp av tvang eller manipulasjon, held ein fram med å auke marknadsandelane. Samla sett tapar nasjonane på dette, sidan arbeidarlønningane blir kunstig låge. Likevel kan dette vere ein ønskjeleg strategi for elitene i dei aktuelle landa, sidan dei gjennom å halde lønningane nede oppnår kontroll over store marknadsandelar og aukande økonomisk og politisk makt. Dette skaper ein dynamikk der evna til å senke arbeidarlønningane blir eit komparativt fortrinn.
Om ein trur på desse teoriane for kvifor ein ikkje skulle forvente fri lønnsdanning i ufri samfunn eller ikkje, så er fasiten tydeleg. Vestlege demokratier har massive handelsunderskot med Kina. Dette skyldes i stor grad låg etterspørsel etter vestlege varer i Kina på grunn av svak innenlandsk konsum (Gourinchas mfl., 2024). Etterspørselen etter vestlege varer i Kina har ikkje auka tilstrekkeleg for å gjere opp for industriprodukta vi kjøper frå Kina. Dette skaper ei ubalanse som gjer at kinesiske interesser eig stadig meir av vestlege økonomiar – ei ubalanse som etter alt å dømme ikkje vil endre seg utan at ein endrar anten vilkåra for vestleg industri eller handelsvilkåra med Kina. Miljøpolitikken kan vere med å legge til rette for å bidra til vestlig industriutvikling som fremmer forsynings sikkerhet og politisk autonomi for våre demokratiske land. På sikt kan auka sjølvberging i vestlege demokratiar hjelpe til med å fremje ei maktbalanse som legg grunnlag for ei harmonisk sameksistens mellom dei meir individualistiske vestlege sivilisasjonane og dei meir kollektivistisk orienterte austlege sivilisasjonane.
4. SOSIALE OG ØKONOMISKE KONSEKVENSAR AV AVINDUSTRIALISERINGA I VESTEN
Avindustrialisering og flytting av arbeidsplassar til lavkostland har bidratt til den globale trenden der vestlege demokratier berre legg til rette for høgt spesialiserte jobbar innan design og teknologi. Dette skapar arbeidsmarknader som stengjer ute mange (Sposi mfl., 2024). Ein del samfunnsøkonomar har teke til orde for at den logiske løysinga er å auke omfordelinga frå lønsame sektorar til mindre lønsame sektorar, til dømes gjennom universal basic income (UBI) som respons på automatisering og jobbpolarisering (Chrisp mfl., 2019).
Problemet med å kompensere dei som tapar på internasjonal handel gjennom omfordeling, er at dette føreset at staten kan omfordele utan å gi meir makt til geografiske område, sosiale grupper eller klasser. Antagelsen om at staten skal kunne omfordele rikdom nøytralt har lite belegg i økonomisk historie. Den klassiske forståinga av statar, slik vi finn hos North, Wallis og Weingast i Violence and Social Orders (2009), ser staten som ein koalisjon av interesser. Dersom dette er ei meir korrekt forståing av staten, vil ein stadig større omfordeling gi stadig meir makt til den koalisjonen som sit ved makta når omfordelinga startar. Dette har fleire problematiske sider og gjer det lite ønskjeleg at staten skal få større innverknad på folks liv enn han allereie har.
Ser ein meir på staten som driven av ein koalisjon, vil det vere naturleg å tru at den ikkje vil omfordele jevnt, men gi fordeler til dei som er sentrale medlemer i den styrande koalisjonen. Geografisk vil tap av industri rasere lokalsamfunn. Klassemessig vil det forsterke motsetningane mellom ein arbeidarklasse som føler seg svikta og ein elite som fremjar ideologiske prosjekt med dalande folkeleg støtte. Ein satsing på industriproduksjon som legg til rette for privat og desentralisert eigarskap vil kunne motverke denne trenden. Ei slik satsing vil skape arbeidsplassar utanfor statleg kontroll og naturleg kanalisere arbeidskraft dit det er mangel på arbeid og låge lønninger.
5. ALTERNATIV TIL DAGENS POLITIKK
Kan vi snu den langsiktige utviklinga med stadig mindre industriproduksjon i Vesten? Dette er eit stort spørsmål som åpenbert ikkje løysast berre med endringar i klimapolitikken. Den rådande konsensusen har vore at arbeidskrafta i vestlege land er for dyr til å vere konkurransedyktig (Philippon, 2023). Arbeidskrafta vil vere dyrare i Vesten i uoverskueleg framtid, men moderne industri blir stadig meir kapitalintensiv (Acemoglu & Restrepo, 2019). I artikkelen «Automation and New Tasks: How Technology Displaces and Reinstates Labor» konkluderer dei med at automatisering har ført til akselerert tap av arbeidsplassar i industrien, særleg gjennom ein sterk displacement-effekt som har redusert etterspurnaden etter arbeidskraft i produksjonssektoren.
Dersom dette er tilfelle, er det ingen grunn til at ikkje framtidens robotfabrikkar kan liggje i Vesten, som har komparativt betre vern for privat eigedomsrett og stabile institusjonelle rammer som gjer investeringar meir trygge og lønsame. Vi ser allereie «dark factories» i land som Kina, der produksjonen er heilt automatisert. Med lågare skattar, stabile rammevilkår og tilgang på billeg straum kan Noreg tiltrekke seg kapitalintensiv industri. I den grad ein satsing på vestleg industri vil auke kostnadene på varer vi elles ville importert frå lavkostland, kan dette sjåast som ei form for redistribusjon – ettersom det vil føre til auka etterspørsel og følgjande lønnsvekst.
Tilgjengelegheit av billig energi er ein fordel for nær sagt all form for industriproduksjon. I Noreg kan vi sikre industrien tilgang på energi med å auke produksjonen og ved å endre reguleringa av strømmarknaden. Forfattaren har sjølv teke til orde for ny regulering av strømmarknaden som sikrar lågare straumprisar, noko som vil gi konkurransefortrinn for alle typar industri, ikkje berre dei kraftkrevjande sektorane (Schøyen, 2022a; Schøyen, 2022b, Dyrkolbotn og Schøyen 2024). Straum er ein avgjerande faktor i alt frå prosessorfabrikkar til produksjon av bildelar (sjå til dømes Gruber mfl., 2024, om straumsubsidiar si rolle i etableringa av mikroprosessorindustrien på Taiwan). Eit anna område Noreg kan satse på er nye former for energi, som nye generasjonar kjernekraftverk.
Noreg kan òg satse på handelsavtaler med land der nye politiske rørsler fremjar konkurranse og tiltak for å flytte industri attende. USA rører seg i ei retning der tydelege politiske strøymingar søkjer å prioritere eigne middel- og arbeidarklassar gjennom handelsreguleringar framfor omfordeling (Ju mfl., 2024). Det er vanskeleg å ikkje sjå dette som ein sympatisk vending tilbake til ein politikk der handelspolitikken blir utforma med omsyn til dei samfunnsmessige konsekvensane for heile samfunnet, framfor tilgang på billeg konsumvarer og høg profitt for dei som alt eig mykje (sjå for eksempel Lighthizer 2023 om dette). Dersom USA skulle vere interessert i eit utvida handelsamarbeid med Noreg, gir dagens EØS-avtale oss høve til å bli del av den amerikanske satsinga. Til forskjell frå EU er det lite som tyder på at USA er spesielt interessert i å bruke handelspolitikken til anna enn gjensidig økonomisk vinning. Dette betyr til dømes at vi vil kunne halde høgare standardar for tilsetjingsstoff i mat eller liknande forhold enn eit EU som vil presse oss til å senke standardane ned til ein, generelt lågare, felles europeisk standard.
Vil det ha ein klimagevinst å bringe industri attende til Vesten? Tydeleg har Vesten betre regulering av klimautslepp enn land utanfor Vesten. Men klimagevinsten stoppar ikkje der. Produkt frå høgkostland som Noreg har ofte høgare kvalitet og lengre levetid enn produkt frå lavkostland, noko som gjev ein miljøgevinst gjennom lågare utslepp over tid.
Politikarar kan innføre skatteinsentiv for selskap som prioriterer produkt designa for lang levetid og reparasjon. Ein måte å innføre dette på er å innføre ein stykkskatt på forbruksvarer som er uavhengig av pris. Dette vil incentivere konsumentar til å kjøpe produkt med lang levetid.
Ved å ta industri attende til Vesten vil Vesten òg auke si innverknad over teknologiutviklinga. I Noreg kan staten øyremerke delar av oljeinntektene til målretta teknologiutvikling. Lønnsam, utsleppsreduserande teknologi vil spreie seg globalt fordi ho er økonomisk attraktiv, uavhengig av andre lands klimaengasjement. Dette gjev Noreg kontroll over resultata av innsatsen, i motsetnad til kutt der effekten avheng av andre lands val.
6. KONKLUSJON
Denne kommentaren har argumentert for at dagens miljøpolitikk, gjennom å bidra til avindustrialisering av vestlege demokratier, har uheldige langsiktige konsekvensar. Avindustrialiseringa skapar arbeidsmarknadseffekter som ikkje bør kompenserast med ein stadig større offentlig sektor – det ville berre føre til ein mektigare og meir eigenrådig stat. På globalt nivå svekkjer tilsvarande vestleg politikk geopolitisk innverknad for vestlege demokratier, noko som kan få alvorlege følgjer for våre politiske system og verdiar.
Kommentaren legg difor fram eit alternativ: Miljømåla bør i større grad nåast ved å flytte industri tilbake til vestlege land. På den måten kan vi utvikle og spreie teknologiske løysingar som gjer industriproduksjon meir berekraftig – både økonomisk og klimamessig – og samtidig styrkje vestleg økonomi, arbeidskraft og strategisk posisjon i verda.
REFERANSER
Acemoglu, D. og P. Restrepo (2019). Automation and New Tasks: How Technology Displaces and Reinstates Labor. Journal of Economic Perspectives, 33(2), 3–30. https://doi.org/10.1257/jep.33.2.3
Chrisp, J., N. Pearce og H. Reed (2019). Assessing the case for basic income in light of automation and labour market change: A comparative European perspective. University of Bath. https://www.bath.ac.uk/publications/basic-income-automation-and-labour-market-change/attachments/basic_income-automation-labour-market-change.pdf
Dickson, B. J. (2023). The Party and the People: Chinese Politics in the 21st Century. Princeton University Press.
Dyrkolbotn, S. og Ø. Schøyen. Proportional license games (May 31, 2024). Available at SSRN: https://ssrn.com/abstract=4850010 or http://dx.doi.org/10.2139/ssrn.4850010
Fæhn, T., C. Hagem, L. Lindholt, S. Mæland og K. E. Rosendahl (2013). Climate policies in a fossil fuel producing country: Demand versus supply side policies. Discussion Papers No. 747, Statistics Norway, Research Department. https://www.ssb.no/en/forskning/discussion-papers/_attachment/123895
Fos, V., E. Kempf og M. Tsoutsoura (2025). The political polarization of corporate America. NBER Working Paper No. 30183 (revised). https://doi.org/10.3386/w30183
Gourinchas, P.-O. mfl. (2024). Trade Balances in China and the US Are Largely Driven by Domestic Macro Forces. IMF Blog. https://www.imf.org/en/Blogs/Articles/2024/09/12/trade-balances-in-china-and-the-us-are-largely-driven-by-domestic-macro-forces
Gruber, J. mfl. (2024). The role of energy subsidies in Taiwan’s semiconductor industry development. Intereconomics.
Harstad, B. (2024). On international cooperation. NBER Working Paper No. 33161. https://doi.org/10.3386/w33161
Ju, J., H. Ma, Z. Wang og X. Zhu (2024). Trade wars and industrial policy competitions: Understanding the US-China economic conflicts. Journal of Monetary Economics, 141, 42–58.
Klein, M. og M. Pettis (2020). Trade Wars Are Class Wars. Princeton University Press.
Lighthizer, R. E. (2023). No trade is free: Changing course, taking on China, and helping America’s workers. Broadside Books.
North, D. C., J. J. Wallis og B. R. Weingast (2009). Violence and Social Orders: A Conceptual Framework for Interpreting Recorded Human History. Cambridge University Press.
Philippon, T. (2023). Additive Growth and the End of Free Trade? Brookings Papers on Economic Activity.
Prat, A. og T. Valletti (2024). Political power and market power. NBER Working Paper No. 33255. https://doi.org/10.3386/w33255
Rowen, H. S. (1996). The Short March: China’s Road to Democracy. The National Interest, 45, 61–70.
Rystad Energy (2021). Emission effect of cutting Norwegian offshore production. Report commissioned by Offshore Norge. https://www.offshorenorge.no/en/subject-matter/reports/reports-industry-policy/fra-nyheter/emission-effect-of-cutting-norwegian-offshore-production/
Schøyen, Ø. D. (2022a). Innlegg: Et «politisk økonomi»-perspektiv kan hjelpe oss å løse flokene på strømmarkedet. Dagens Næringsliv. https://www.dn.no/innlegg/energi/strompris/kraftmarkedet/innlegg-et-politisk-okonomi-perspektiv-kan-hjelpe-oss-a-lose-flokene-pa-strommarkedet/2-1-1199298
Schøyen, Ø. D. (2022b). Innlegg: Forslag om hjemme- og utepris på strøm svikter i både teori og praksis. Dagens Næringsliv. https://www.dn.no/innlegg/energi/kraft/strompris/innlegg-forslag-om-hjemme-og-utepris-pa-strom-svikter-i-bade-teori-og-praksis/2-1-1196703
Sposi, M., K.-M. Yi, og J. Zhang (2024). Deindustrialization and industry polarization. NBER Working Paper No. 29483 (oppdatert versjon). https://doi.org/10.3386/w29483
Xu, C. (2025). Institutional Genes: Origins of China’s Institutions and Totalitarianism. Cambridge University Press.
Fotnote:
- Takk til Thor Øivind Jensen, Rune Jansen Hagen og Hannah Emilie
Rørslett Johansson for nyttige kommentarer. Forfattaren vil også rette
ein takk til Stanford University, Department of Economics, der delar
av dette arbeidet blei utført. Alle feil og synspunkt i teksten er heilt og
fullt forfattaren sine eigne. ↩︎
